søndag 14. november 2010

Bokanmeldelse: Kunsten å inhalera

Tittel: Kunsten å inhalera
Sjanger: ungdomsroman
Forfattar: Ingelin Røssland
Forlag: Det Norske Samlag
Utgivelsesår: 2001
Sideantall: 145



Handling
Anette er snart 16 år, og saman med venninna Christin, har ho som nyttårsløfte å starte å røyka og drikka. Ho vil bli ei av dei tøffe jentene, og ikkje minst få to år eldre Bobby interessert i seg. Han er høg, mørk, har håret i hestehale og den raskaste mopeden på heile øya.
Gjennom året oppnår Anette, med si veslevaksne og rappkjefta stil, alt ho ynskjer seg og får med seg ein litt nølande Christin. Dessverre startar ting å gå fel på eit punkt, og ikkje alle er slik dei gjer seg ut for å vera.


Miljø
Annete bur på ei lita øy, i den mest avsidesliggande bygda kor den einaste bussen som går er skulebussen.

Hovudpersonar
Anette – ei tøff og kranglete jenta som når måla ho settar seg. 

Christin – Anettes usikre venninne, som prøvar så godt ho kan å halde tritt med den utangerande venninna si. 
Bobby – ein kjekk, tøff og to år eldre kar, som visar seg å skjule noko.

Bodskap
Eg trur forfattaren vil oppfordre ungdom til å ikkje trosse foreldra sine og ikkje prøve for hardt å bli vaksne for tidleg. Anette kjenner seg eigentleg veldig lita, men møtar på grunn av handlingane sine, vaksne problemstillingar tidleg i livet.

I oppfølgjaren Flyt (utgitt i 2002) har Anette ein kjærast ho trur ho ikkje vil ha. I denne boka sit Anette igjen med eit problem, og det er ikkje så enkelt bestandig å vite kva du skal gjera når du er 16 år og alle moglegheiter ligg føre deg.

Det som går att i Ingelin Røsslands bøker er trua på at karakterane i boka er realistiske avdi dei handlar ulogisk og til tidar utroleg dumt. Det er jo ein del av det å være tenåring.

Min vurdering
Hvis du ønskjer ein lettleist nynorsk bok er “Kunsten å inhalera” perfekt. Samstundes tar boka opp aktuelle tema; ønskje om å passe inn, rusmidlar og ikkje minst kjærleik. 

Eg tykjar at forfattaren fortel godt, og språket er flytande og lett å lese. Eg anbefalar boka til alle som en gong har vore eller er ungdom, for boka fortel om problem dei fleste kjenner seg igjen i. 

Skrevet av Sigrid

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar